Roveropptak 2014

Roveropptak 2014

Helga 19.-21. september gjennomførte Roverombudet i Sunnmøre krets opptak på Ørskogfjellet.


Blant dei til saman 12 deltakarane var det fire spente aspirantar frå Sykkylven, 1. Ålesund og 5. Ålesund speidargruppe. Desse gjennomførte opptaket og kan no pynte seg med grøne roverklaffar på skjorta. Helga var prega av regn, men også god mat på bål og oppgåver der aspirantar og roverar konkurrerte i kløkt og fysiske krefter som vedkubbekasting mellom beina og over hovudet, førstemann til å ete ein Marie-kjeks, lagt på panna, utan hender og andre spennande greiner. Aspirantane laga også ei fin og fungerande fiskestong, som vart prøvd. Det var dessverre ikkje noko fiskelukke med oss denne gongen.

Du kan se flere bilder fra helgen her.