Leiarkurs Trinn 3 ved Vansjø

Leiarkurs Trinn 3 ved Vansjø

Tre leiarar frå 5. Ålesund speidargruppe gjennomførte trinn 3 i leiartreninga ved og på Vansjø i Våler, helga 12.-14. september.


Kurset hadde friluftsliv som ramme, og mykje av kurset gjekk føre seg i kano. Alle leiarane hadde ei positiv oppleving, og syntes det var kjekt å bli kjent nye vener. Sidan kurset var i regi av Follo krets, var dei fleste derifrå. Særleg kanopadling i stille vatn under stjernehimmelen kan trekkjast fram som ein av helga sine mest magiske augneblink. Det var ei aktivitetsrik helg og alle fekk innsikt i korleis patruljesystemet kjennes på kroppen, samt reflektert over kva grunnverdiane i speiding er.

Flere bilder fra helgen kan du se her.