Kretstinget 2017

Helga 3.-5. februar 2017 vart det invitert til tur til Fjellseter Ungdomssenter i Sykkylven, og sjølve Kretstinget vart gjennomført søndag 5. februar. Diskusjonar, dramatiseringar og ulike tema kring landsleiren har prega helga.


Over 20 speidarar, roverar og leiarar var på plass i Fjellseter Ungdomssenter i helga, der det laurdagen vart fordelt arrangement (terminliste finn du her eller inne på arkiv ).

Litt seinare var det klart for ein diskusjon om speiderhytta i Brusdalen, då denne truleg snart vert kretsen sin eigendom. Stemninga blant deltakarane var at ein mangla kunnskap om kva denne hytta kunne brukast til, men at ein var positiv til å satse på denne hytta då det er Noregs eldste speidarhytte og ein moglegheit for Sunnmøre krets å eige ei hytte nær både by og natur. Det vart då satt som krav at hytta vert pussa opp slik at det er freistande å vere der både for store og små. Utbetringar som vart nemnt er toalett, tak, jekking av hytta og utbetring av kjøkken. Desse innspela vil bli tatt vidare i kretsstyret.

Så var det duka for treretters festmiddag. Borda var fint dekka med naturlege innslag, som passa ein speidarmiddag bra. Det var både røykalaks, langtidssteikt lammelår og smuldrepai med is på menyen, og arrangørane imponerte stort med sine kokkekunstar!
Seinare på kvelden vart det arrangert leirbål, og deltakarane hadde fått i oppgåve i kvar sine patruljer å dramatisere eit utdelt eventyr fra ein Eventyrsjokolade. Det vart gjennomført med stor suksess!

Søndagen vart starta med Scouts Own ved flaggstonga, og deretter rett i gong med Kretstinget 2017. Det var eit kort møte, då det ikkje var innkomne sakar. På møtet vart det bestemt at kretsen dekkjer frakta av container til landsleiren, og det vart valt nytt gammalt kretsstyre.
Nytt kretsstyre er:
Per Ove Sund (kretsleiar)
Kamilla Myrvåg Assev (visekretsleiar)
Ole Kristian Olavursson
Hallgeir Hustad
Det vart gitt roser til grupper som har hatt vekst sidan ifjor. Av oppmøtte var dette 1. Vegsund, 1. Ålesund, 5. Ålesund og Sykkylven speidargruppe.

I tillegg fekk Sindre Søvik Erstad Æreskniven for innsatsen sin kring Speidernes Hus i Ålesund sentrum. Han har jobba hardt og fått på plass både midlar og riktig kompetanse, slik at huset snart er så godt som restaurert til original stand. BRAVO!

Så var Kretstinget 2017 over, og eit nytt speidarår er i gong. Vi takkar for innsatsen i fjor, og vil takke arrangørane for eit flott arrangement!