Kretsstyremøte 27.03.17

27.03.17


"

Kretsstyremøte 27.03.17

Til stades:

Per Ove Sund (kretsleiar), Kamilla Myrvåg Assev (visekretsleiar), Hallgeir Hustad (styremedlem), Stephan Stave Eide (vara) og Jonas Viddal (vara)

1)      Kretsleiar- og korpsleiarsamling/Samarbeid mellom kretsane

Per Ove og Kamilla orienterte om tema  for samlinga, som var korleis ein skal drive ein god krets og eventuell kretssamanslåing. Kretsstyret snakka deretter om konsekvensar kring samanslåing med Nordmøre og Romsdal krets, både med tankar for (fleire ressursar) og mot (lenger reiseveg). Kretsstyret stiller seg i utgangspunktet positiv til samanslåing, og vil arbeide for betre samarbeid framover for å sjå om det er ein veg å gå. Fleire arrangement framover vil vere felles.

2)      Sjekkliste arrangement

Kamilla foreslår å lage sjekklister/kjøreplan for dei ulike kretsarrangementa, då det ikkje  er alle som er like stødige i å arrangere desse arrangementa. Det er desto lettare å arrangere for dei gruppene som ikkje har vore vertskap før, viss ein har eit forslag til gjennomføring. Dei andre kretsstyremedlemma seier seg einige i at det ikkje er like lett for dei yngste å arrangere om ein ikkje har ein mal.

Per Ove skal sjekke om dette har vore laga tidlegare, og sjå over slik at desse kan leggast ut på nettsida til kretsen.

3)      Speiderhytta Brusdalen

Per Ove orienterer om at grunneigaren er tilgjengeleg i slutten av april etter ei tids reise, og då skal vi ta kontakt med han om festeavtale. Det skal jobbast for å finne ut om vi framleis har ein god avtale hos Jets.

Kamilla skal etter påske ta kontakt med byggmann Henning Gartz for å sjå over hytta og få eit overslag for kva for vedlikehald som skal gjerast.

4)      Eventuelt

Jonas foreslår å lage ein offentleg Snapchat-konto for Sunnmøre krets for å vise meir kva kretsen gjer på. Brukaren går på deling, og målet er å vise speidarane kva som skjer i kretsen.

Brukarnamn: sunnmorekrets
Passord: alltidberedt
Mobilnummer: 94435695

Referent: Kamilla Myrvåg Assev

"