Kretsstyremøte 13.02.17 - Konstituering

Konstituering av nytt kretsstyre


Det første kretsmøte blei starta med at Jonas Viddal, Stephan S. Eide og Kamilla M. Assev skreiv under på årsmøtepapira Måndag 13. Februar.

 

Sak 1, Konstituering

               

Kretsleiar, kretsmedlem og vara kan sjå seg einige i at konstitueringa er grei.

Sak 2, Vegen vidare

Visekretsleiar Kamilla sa at kretsens medlemmar hadde minka med ein person, noko som ho frykta. Varamedlem Stephan kommenterte at dette har sine positive sider, med tanke på at dei aller fleste har kjennskap til personene i kretsstyret. Det er viktig å vite kven som er med i kretsen også. Kamilla nemnde at vi burde få meir reklame på kretsarrangement. Kretsleiar Per Ove sa at det har stor betyding at rovarane kjem seg ut på roverarrangement. Han fortalte også at det er viktig for dei som er i kretsstyret å vise seg fram på kretsarrangement.

 

Sak 3, Arrangement

 

Generelle arrangement blei diskutert, St. Georgsdagen er arrangert av KFUK/KFUM. 

NM i speiding, to grupper frå Sunnmøre krets deltar, ei gruppe frå Sykkylven og ei gruppe frå Ålesund. Stephan Eide tok på seg ansvaret som reiseleiar.

Småspeidaranes dag blir arrangert av Vegsund på Stafsetneset. (28. Mai).

Sommaravslutting, forslag til ballspel som volleyball, grilling og generell underhaldning.

Landsleiren i Bodø. (NORD)

Rover 5kamp, engasjere rovera til å delta som tilskuarar eller deltakarar. Roverane skal ut!

 

Sak 4, Eventuelt

 

Pris på kontainer til landsleir, diskusjon rundt prisane, om der er moglegheit til å få til eit billegare alternativ og evt. korleis det skal ordnast.

 

 

Referent: Ole-Kristian Olavursson